Khrono
20.08.2017
Meninger Politiattest. Med årets studiestart har fleire tusen nye studentar levert inn politiattest. Universitet og høgskular har viktig arbeid føre seg, skriv Anne-Grethe Naustdal.
Ved studiar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige eller andre sårbare grupper som del av praksis eller klinisk undervisning, så må kvar student legge fram politiattest. Politiattesten skal gje informasjon om alvorlige narkotika-, valds- og seksualbrotsverk, lekamsfornærming, ulovlege tvangsbrotsverk, fridomsfrårøving og vinningsbrotsverk. Saman med ordninga for skikkavurdering, skal systemet med politiattestar fungere som ein garanti. Garantien gjeld profesjonsutøvararar sine kvalifikasjonar både overfor arbeidsgjevar og over for dei brukarane profesjonsutøvarenmøter.
Les merDet som er spesielt med politiattestar i høgare utdanning, er at universitet og høgskular skal gjere eiskjønnsmessig vurderingav dei tilhøva studenten er sikta eller dømd for. Det er omfattande og komplekse spørsmål institusjonen skal ta stilling til: Er studentar som er dømt for seksuelle overgrep, grove voldsbrotsverk eller straffbare forhold knytt til rusmidlar/medikament rehabilitert til å ta utdanning som kvalifiserer for yrke som gir autorisasjon og fullmakt overfor barn, unge, funksjonshemma, demente og eitt vidt spekter av sjuke menneske og menneske i vanskeligelivssituasjo