Våre Veger
19.05.2017
Osstrupen bru på fv. 542 sør for Florø skal strammast opp etter 40 års teneste. Eit av alternativa er å spenne opp komposittrøyr inne i brua. - Det er eit heilt unikt prosjekt som no blir lyst ut.
Metoden me vil nytte har aldri blitt brukt tidlegare og det er lagt ned ein massiv prosjekteringsjobb gjennom fleire år, seier byggjeleiar Sjur Lauvdal i Statens vegvesen.
Les merOsstrupen bru er ei fritt fram-bygd bru med hovudspenn på 198 meter. Sidespenna består av korte balastkassar som er forankra med fjellkablar. Brua er ledda og har ein bevegeleg fuge i senter av hovudspennet. Undergurten (plata i botn av brukassa) har utsparing i ca 20 meters lengde på kvar side av midten. Brua vart ferdigstilt i 1976.
Har bøyd seg ned
Brua vart bygd med overhøgde for å ko