Bok og bibliotek
05.04.2017
Nasjonalbiblioteket er i god gjenge med omsyn til digitalisering og har digitalisert 88 prosent av samlinga si. På andreplass kjem museumssektoren med 30 prosent. Verstingen er Arkivverket som berre har digitalisert 2 prosent av samlingane.
Trass i målet frå Stortinget om best mogleg tilgang til kulturarv, er størsteparten av samlingane i norske kulturinstitusjonar framleis ikkje digitaliserte. - Konsekvensane av dette er potensielt store. Utan ein digital kopi kan kulturarv gå tapt, seier riksrevisor Per-Kristian Foss. Dokument 3:4 (2016-2017), Riksrevisjonens undersøking av digitalisering av kulturarven, blei levert til Stortinget tidlegare i år.
Les merStortinget har lagt til grunn at fellesskapen har eit ansvar for å sikre samlingane i arkiv, bibliotek og museum for kommande generasjonar, og å gi folket tilgang til dei. Digitalisering er i stadig større grad ein føresetnad for dette.