AddToAny

Korleis oppdage seksuelle overgrep?

Korleis oppdage seksuelle overgrep?
For å kunne oppdage barn som vert utsett for seksuelle overgrep, lyt lærarar ha kunnskapar som gjer dei i stand til å sjå.
Denne artikkelen byggjer på ei bacheloroppgåve om seksuelle overgrep og korleis lærarar kan oppdage og handtere dette. Ein lærar er ein av dei viktigaste omsorgspersonane utanom heimen, og gjennom mykje samvær med barna har lærarar ei unik mogelegheit til å oppdage slike situasjonar. For å kunne oppdage barn som vert utsett for seksuelle overgrep, lyt vi ha kunnskapar som gjer oss i stand til å sjå.



Kva er seksuelle overgrep?

Dei fleste sosialpsykologiske definisjonane av seksuelle overgrep forklarar på ulike måtar at den som forgrip seg, brukar makta si til å dekkje sine eigne behov slik at det går ut over barnet sine behov. Definisjonane kan også seie noko om at overgrep er seksuelle handlingar som barnet ikkje kan forstå, at handlinga krenkjer barnet sin integritet, at den vaksne utnyttar barnet sin avhengnad eller sin eigen maktposisjon, at handlingane bryt med sosiale tabu innan familien, eller at handlingane er ulovlege (Søftestad, 2005).

Ein brei definisjon inkluderer alle former for utuktig samhandling med born og signaliserer at seksuell aktivitet med born ikkje er akseptert. Når ein definerer omgrepet smalt, skil ein mellom berøring av barnets kjønnsdelar og ikkje å røre barnet. Då vert ikkje blotting, tvang til nakenposering, filming og tvang til å sjå på seksuelle handlingar rekna som alvorlege seksuelle overgrep (Breidvik, 2003). Det at ulike definisjonar vert knytt til ulike undersøkingar, gjer det vanskeleg å kartleggje fenomenet.



Omfang

I 2014 vart det registrert 3700 personar som offer for seksuallovbrot. Heile 740 av desse var barn. Av alle dei registrerte ofra for seksuallovbrot i 2014, var heile 87 prosent kvinner (Statistisk sentralbyrå, 2016). Dette er tal på registrerte tilfelle, dei inkluderer ikkje tilfelle som ikkje vert oppdaga eller ikkje vert melde. Ein kan såleis rekne med store mørketal.

I nyare tid har det kome fleire former for seksuelle overgrep, som følgje av den teknologiske utviklinga. Ei seksuell åtferd som ikkje inneber fysisk kontakt kan vere å filme barnet eller å vise det pornografi, digitale samtaler, eller å ta imot meldingar eller bilete av seksuell karakter (Aasland, 2014).



Kven forgrip seg?

Mangel på kunnskapar om kven som forgrip seg på barn kan hindre oss i å fange opp og reagere på borna sine signal, dersom den mistenkte ikkje passar inn i våre førestillingar (Søftestad, 2005). 88 prosent av overgrepa vert gjort av ein som barnet kjenner, anten foreldre, biologiske søsken eller ein annan slektning. Den som forgrip seg, kan vere ein ven eller nabo av familien, eller ein tillitsperson i barnet sitt sosiale nettverk (Aasland, 2014). Av sakene som vert oppdaga, vert 90-95 prosent utført av menn og gutar. Rundt 5-10 prosent av seksuelle overgriparar er kvinner, som utfører overgrep både mot jenter og gutar (Søftestad, 2005). Grunna samfunnsmessige tabu reknar ein med at talet på overgrep utført av kvinner er underrapportert (Aasland, 2014). Barn kan utføre overgrep, både mot yngre og eldre barn, mot søsken eller vener. I nokre høve kan barn verte overtalt eller forklart av vaksne kva seksuelle handlingar dei skal gjere med andre born (Aasland, 2014).



Tabu

Tabu kring seksuelle overgrep kan verke førebyggjande, ved at det hindrar vaksne i å utføre seksuelle handlingar mot barn, eller det kan hindrar dei involverte i å snakke om overgrepet. Tabu pregar arbeidet med å forstå symptom og åtferd, samt vi
Gå til mediet

Flere saker fra Utdanning

Den svenske regjeringen ønsker å fjerne kravet til bruk av digitale verktøy i barnehagene, men møter motstand fra forskere.
Utdanning 12.04.2024
Som medlem av Utdanningsforbundet får du et av Norges beste billån, med rente fra 6,5 %
Utdanning 12.04.2024
Tiendeklassingene liker ikke at alt skal måles og vurderes. De synes også det er uklart hva som ligger til grunn for karakterene i kroppsøving.
Utdanning 12.04.2024
Tyske lærarar må ta kritisk stilling til det politiske partiet AfD i si undervisning, krev lærarleiar.
Utdanning 12.04.2024
Jeg har snart vært lærer i 24 år og er glad i jobben min. Det er kanskje ikke så utrolig, for hvem holder ut i en jobb de ikke trives i ...?
Utdanning 12.04.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt