Khrono
22.04.2017
Meninger Skolepengar. I si tolking av gratisprinsippet let Kunnskapsdepartementet til å endre innhaldet frå gratisprinsipp til gratisalternativ. Og det under dekke av å verne prinsippet i seg sjølv, skriv Sindre R.
Dueland.
Les merFørre veke kunne ein lese i Khrono om ei brevveksling mellom Høgre på Stortinget og Høgre i Kunnskapsdepartementet. I grunn svarar Isaksen akkurat det same som departementet har svart til institusjonane i fleire år: ein studietur som er obligatorisk skal veregratis.
Så langt er det ikkje noko å bekymre seg for, om svaret hadde stoppa der. Men både departementet og Isaksen ynskjer å presisere at det er mogleg å ta betalt for frivillige studieturar når det finst eit fagleg tilfredsstillande alternativ som er gratis. Og der hola både ministeren og departementet utgratisprinsippet.
Det er stor skilnad på eit fagleg likeverdig a