Kraftfôret har fått namnet TopBull Max, og blir tilgjengeleg i både bulk og storsegg hos alle Fiskå sine lager i april eller mai, fortel Kjell-Rune Vik, som er produktsjef drøvtyggarfôr i Fiskå Mølle, i ei pressemelding.
Effekten av å fôre med det basiske kraftfôret er at mengden stivelse til vomma blir mykje høgare, noko som gir ei kraftig auke i veksten av mikrobar. I tillegg er kraftfôret tilsett vitaminer og mineralar. Det gjer at også bønder med separat fôring av kraftfôr og surfôr nå kan få nytte av maxammonbehandla bygg.
Kraftfôr med 95 prosent norsk korn
Kraftfôr: Kjell-Rune Vik er produktsjef for drøvtyggarfôr i Fiskå Mølle. Foto: Fiskå
- Erfaringane frå forsøksvertane våre i vinter er svært positive. Alle rapporterer om fastare gjødselkonsistens enn ved bruk av vanleg oksekraftfôr. Ein kan fôre hardare, slakte tidlegare og