BUSKAP
10.07.2017
Alle opplever frå tid til anna at nokre kalvar får laus avføring eller diaré, og dersom dette gjentek seg eller vert eit problem, kan det vera lurt å ta avføringsprøvar, for å finna ut kva som er bakgrunnen for diareen.
Det er godt dokumentert at kalvar som har hatt sjukdom, tapar tilvekst og vert sett tilbake slik at dei ikkje vert så gode produksjonsdyr som vaksne i høve til kalvar som har vore friske og vokse godt i ung alder. Dette gir motivasjon til å optimalisera kalveoppdrettet så mykje ein kan klara.
Andreas Bolset i Jølster i Sogn og Fjordane har allereie eit svært godt kalveoppdrett, men han er også motivert for å forbetra drifta si endå meir, og han har i samråd med veterinær Karin Johnsen tatt ut avføringsprøvar av unge kalvar som har hatt tendens til diaré. - Kalvane har ikkje hatt store problem med diaré, men gjentekne episodar med diaré på kalvar på om lag to veker. Diareen har gått fort over, men eg ynskjer likevel å vita kva som er årsaka, og korleis me kan førebyggja at dette skjer igjenn, seier den ivrige bonden.
Tek ut prøvar ved gjentekne problem eller flokkproblem
Karin Johnsen er ein erfaren stordyrveterinær med stort engasjement for kalvehelsa. Ho har også vore foredragshaldar på den populære kursserien "Go`kalven", og ho driv aktivt med rådgiving i førebyggjande helsearbeid for bønder som ynskjer gjennomgang i sine besetningar. -
Gå til medietAndreas Bolset i Jølster i Sogn og Fjordane har allereie eit svært godt kalveoppdrett, men han er også motivert for å forbetra drifta si endå meir, og han har i samråd med veterinær Karin Johnsen tatt ut avføringsprøvar av unge kalvar som har hatt tendens til diaré. - Kalvane har ikkje hatt store problem med diaré, men gjentekne episodar med diaré på kalvar på om lag to veker. Diareen har gått fort over, men eg ynskjer likevel å vita kva som er årsaka, og korleis me kan førebyggja at dette skjer igjenn, seier den ivrige bonden.
Tek ut prøvar ved gjentekne problem eller flokkproblem
Karin Johnsen er ein erfaren stordyrveterinær med stort engasjement for kalvehelsa. Ho har også vore foredragshaldar på den populære kursserien "Go`kalven", og ho driv aktivt med rådgiving i førebyggjande helsearbeid for bønder som ynskjer gjennomgang i sine besetningar. -