forskning.no
26.03.2017
Tyske universitet er bekymra for at Storbitannia manglar ein strategi for å bli verande i EU sine rammeprogram. Dei har slutta å inngå nye forskingsprosjekt med britiske universitet på grunn av den store usikkerheita.
Marthe Njåstad
Les merjournalist, På Høyden
- Utan ein klar strategi for Tyskland å støtta, betyr dette at me sluttar å planlegga samarbeidsprosjekt med partnarar i Storbritannia. Det er fordi me ikkje veit kva som blir deira rolle i den europeiske konteksten i framtida, seier rektor ved Universitetet i Freiburg, Hans-Jochen Schiewer, til Times Higher Education (THE).
Han er leiar for gruppa U15 som består av dei største universiteta i Tyskland. Dei omtalar usikkerheita som giftig for felles forskingsprosjekt.